Etter intens øving den siste tida, var vi svært spente når vi no endeleg skulle få vist fram musikalen. Elevane deltok med song, skodespel, musikk, kulisser og anna praktisk arbeid. Stykket handla om Jazzå, som har vekse opp med hybelkaniner rundt seg. Musikalen er humoristisk framstilt, men undertonen er likevel at ingen skal oppleve mobbing. Vi håper publikum kosa seg, og at vi med eit slikt samarbeidsprosjekt frå 1.-7.klasse har skapt nye opplevingar og styrka banda mellom elevane.