Fredag hadde vi samling der vi snakka om at vi vil ha ein mobbefri skule.
Trivselsveka var ei kjekk veke, og de kan sjå fleire bilete under Innlogging foreldre her på heimesida. Kommunalsjef Paul Eidhammer var på besøk fredag, og fekk sjå flotte elevinnslag og signerte sjølvsagt også på plakaten vår. Arbeidet med trivsel for alle held fram, alt er ikkje gjort med ei signering, men om alle bidreg så godt dei kan, arbeider vi saman vidare for å løyse det som måtte kome på ein god måte.