Vi har behov for fleire montessorilærarar. Vi arbeider etter montessoripedagogikken sine metodar og visjonar, og for å utvikle oss vidare, er det best om flest mogleg av dei tilsette har utdanning i montessoriped. Vi har materiell (konkretar) vi bruker i undervisninga, og ønsker å nå kvart enkelt barn på sitt nivå. Elevane i ein montessoriskule har meir valfridom enn i ordinær skule, så dei tilsette her må kunne vere fleksible og ha ein fin balanse mellom klasseleiing og elevane sine initiativ.