Elevar på mellomsteget fekk i dag besøk av Rita Hage frå Vike Helselag. Ho kom med ei fruktkasse som takk for god innsats i hoppetaukonkurransen "Hopp for livet" i vår. Elevane vart nr.2 i kommunen, og for det fekk dei også kr.1000,-. Tusen takk, dette var eit kjekt besøk!