Denne veka er det Trivselsveke for alle elevane. I dag og i morgon har vi ulike aktivitetsgrupper der elevane får prøve både båtliv, stell av hest, skulekjøkken og endå meir. Elevane har fått ønska seg aktivitetar sjølve, så ikkje alle er med på alt. Torsdag er det fjelltur, og fredag har vi fadderklassesamarbeid og samling i gymsalen der vi får to ferske underhaldningsinnslag, og vi skriv under på at vi ikkje vil ha mobbing på skulen vår!
Foreldra er velkomne til å stikke innom når som helst :)